View over a river and the surrounding natural areaView of the river and surrounding natural area
Berge © Treasure Chamber of Suldal. Photo: Jakob Roalkvam
Berge © Treasure Chamber of Suldal. Photo: Jakob Roalkvam
Utsikt over elv og naturområde rundt (View over the river and surrounding natural area)
Utsikt frå Berge mot Veka og Vekamoen (View from Berge towards Veka and Vekamoen) © Treasure Chamber of Suldal. Photo: Jakob Roalkvam

Vik-Berge-Stråpa

Hiking Easy

Turen byr på fleire spennande utsiktspunkt og blikk på typiske fjellgards-miljø i Suldal. Ein kan nytte turen til å filosofere over korleis det kunne ha vore å bu på slike fjellgardar før bilvegen kom og kva utfordringar det baud på å føra fram veg til desse stadene (ca 1950).  

Turen kan starte frå Suldalsosen ved daglegvarebutikkane eller frå bensinstasjonen og følgje Rv13 austover gjennom Vekakleivane fram til avkjøring mot Vik. Der tek turen over brua ved Vikestraumen og rundt under fjellupsene til garden Vik. Der vegen svingar 180 grader inn mot gardstunet, tek stien til Berge av opp ei kort bratt skråning, over ein gjerdeklyvar og på utmarksida av gjerdet fram til traktorvegen som slyngjer seg opp lia mot Berge. På vegen opp lia må ein nytte høvet og sjå seg attende for å få med seg utsynet over Vik-garden, Vekafjorden og Veka/Vikane/Brustveitkilen på andre sida av vatnet.

Ved parkeringsplassen på Berge er ein på topp-punktet på turen. Dette punktet kan vere utgangspunkt for mange ulike turar innover i Bergs-/Helganes-markene til Tjordal, Liastølen, Væting, Svinstølen og Sandsa. Nedstigninga følgjer asfaltert (smal) bilveg hogd ut i fjellsida på nordsida av Juvet med utsyn mot den loddrette nordsida av Stråpanuten. Rundt nokre hårnålssvingar opnar terrenget opp og ein får utsyn over dalen med Stråpa, Osen, Fisketjøn og Hoftunsgardane i framgrunnen.

Rundturen avsluttast over brua ved Osvadet med fleire eldre hus frå «hotell-tida» på Gamle Osen på høgre hand.

Fakta om turen

·      Tid: 1,5 - 2 timar,

·      Avstand: 5 km

·      Gradering: Lett (grøn)

·      Høgste punkt: 280 moh

·      Start: Frå parkeringsplass ved Vinjar skule eller ved enden av bilveg i Mehushaugen

·      Tilkomst: Med buss frå Sand eller eigen bil til Vinjar skule/Mehushaugen.

Vik-Berge-Stråpa
has an official environmental certification. Choosing experiences and places to stay with the "Reis Grønt" label ensures that the companies you support take active environmental responsibility. See all with the certification here.